Eg heiter Susanne Moe Roaldsnes og er 23 år gamal. Eg er diakoniarbeidar i Giske kommune med fokus på barn og ungdom.

Ein diakon er leder av kyrkjas omsorgsarbeid. Foreløpig jobbar eg berre 50% og har ansvar for babysang og konfirmantundervisning. Arbeidet med konfirmantar har eg fått glede av å dele med Gunnhild, Ottar og Benjamin. Saman har vi testa eit nytt opplegg for konfirmantundervisning. I dette kullet med konfirmantar er det totalt fire klasser. To klasser som er slått saman av gangen, slik at det blir ei blanding av konfirmantar frå alle øyene saman. Vi har ein oppleving av at dette har vore både vellykka og kjekt, både for oss og konfirmantane.


Eg er oppvaksen på Valderøya saman med foreldra mine og to yngre søstre. Eg er gift med Jørgen Roaldsnes og har ein liten gut på 1 år som heiter Noah. Eg budde 3 år i Volda medan eg studerte på Høgskulen i Volda. Eg vart utdanna barnevernspedagog våren 2022. Vi flytta tilbake til Valderøya hausten 2022 og kjøpte oss eit hus på Valderøya. 


På fritida likar eg å lage mat, gå turar og å vere med familie og vennar. Kanskje sjå ein god film på kvelden eller spele eit brettspel.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"